Petroleumsaktivitet i Barentshavet: konflikt eller sameksistens? : ei organisasjonsteoretisk analyse av to avgjerdsprosessar

Oppgåva studerer to prosessar som begge har omhandla i kva grad og på kva vilkår ein skal drive petroleumsverksemd i Barentshavet syd, samt nokre område lenger sørover. Barentshavprosess I gjekk føre seg 1985-89, medan Barentshavprosess II gjekk føre seg frå 2001-2003. Begge prosessane har vore tver...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Berge, Unni Grønsberg
Other Authors: Tom Christensen
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: 2005
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/10852/13943
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-11703
Description
Summary:Oppgåva studerer to prosessar som begge har omhandla i kva grad og på kva vilkår ein skal drive petroleumsverksemd i Barentshavet syd, samt nokre område lenger sørover. Barentshavprosess I gjekk føre seg 1985-89, medan Barentshavprosess II gjekk føre seg frå 2001-2003. Begge prosessane har vore tverrdepartementale, og oppgåva studerer samhandlinga mellom Olje- og energidepartementet, Miljøverndepartementet og Fiskeridepartementet og deira underliggjande etatar. Sentralt i analysen er også rolla til regjeringa. Oppgåva er skriven innanfor den organisasjonsteoretiske tradisjonen i statsvitskap, og rettar merksemda mot defineringa av saksområdet og aktiviseringa av deltakarar i dei to prosessane. For å forklare kvifor aktiviseringa og defineringa vart som dei vart, nytta eg fire organisasjonsteoretiske perspektiv. Aktiviseringa og defineringa kan påverkast av både hierarkisk styring og forhandlingar. I tillegg kan uformelle normer og verdiar internt i forvaltninga, samt ønskje om å imøtekomme normer i dei institusjonaliserte omgjevnadene, påverke aktivisering og definering. Felles for dei to prosessane er fokuset på havmiljø og omsynet til fiskeria, og det manglande fokuset på utslepp til luft. Spørsmålet om ein bør opprette petroleumsfrie (fiskeri)soner har stått opp mot prinsippet om sameksistens mellom ulike brukarar av havet i begge prosessane. Forhandlingsperspektivet har størst forklaringskraft for begge prosessane. Det er maktkamp tautrekking både om definering av saka og deltakaingsrettar i prosessane. OED står sterkast i forhandlingane, men fiskeriforvaltninga og miljøforvaltninga er også aktivisert og har påverknad på defineringa av saka. Dei politiske måla har endra seg noko frå prosess I til II, men den hierarkiske styringa er ikkje stabil og einskapleg. Organisasjonskultur og tilhøvet til dei institusjonaliserte omgjevnadene påverka også prosessane noko.