Summary: | Globalisering og auka innvandring dei siste tiåra har ført til at det norske klasserommet har blitt meir og meir fleirspråkleg. I opplæringslova §2-8 står det at «elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen». Når minoritetsspråklege elevar byrjar i den norske skulen, blir dei ofte plassert i eit innføringstilbod. Det er her dei skal lære tilstrekkeleg dugleik i norsk til å kunne gå over til den ordinære opplæringa. Likevel står det ingen plass kva som ligg i dette omgrepet, så det blir noko lærarane i stor grad må definere sjølv. Med utgangspunkt i dette lyder problemstillinga som følgjande: Kva er likskapane og ulikskapane mellom lærarane i innføringsklassene og i dei ordinære klassene sine syn på tilstrekkeleg dugleik i norsk? Studien byggjar på fem individuelle intervju med to lærarar frå innføringsklasser og tre lærarar frå ordinære klasser. Vidare har studien som mål å få innblikk i kva lærarane legg i omgrepet tilstrekkeleg dugleik i norsk slik det står formulert i §2-8 i opplæringslova, og om det er samsvar mellom det lovverka og læreplanane seier og det lærarane gir uttrykk for. Eit av hovudfunna er at lærargruppa er delt i to i deira forståingar av omgrepet. Tre av lærarane rettar søkelyset mot det kulturelle aspektet av omgrepet, medan to av dei er meir inne på det språklege aspektet. Likevel har alle ei forståing av at det viktigaste er at elevane har kjennskap til og kunnskap om det sosiale samspelet. Det andre hovudfunnet er at det er spesielt tre problemområde lærarane i studien tek opp når det kjem til samsvaret mellom deira praksis og lovverka/læreplanane. Dette er manglande føringar for vurdering og kartlegging av elevane, usikkerheiter kring tidsomfanget av innføringstilbodet og at lærarane sit med ei kjensle av å ha manglande kunnskapar kring dette arbeidet med dei minoritetsspråklege elevane. In recent years, globalization and increased immigration have ...
|