Summary: | 13.3.2012 vart Sjamanistisk Forbund godkjent som eige trussamfunn av fylkesmannen i Troms. Godkjenninga innebar oppretting av ein sjamanistisk landsorganisasjon og eit fylkeslag for Tromsø kommune. I søknaden til Fylkesmannen går det fram at forbundet er særleg oppteke av å forvara den samiske og norrøne sjamantradisjonen. Forbundet ynskjer å opna for eigne sjamanistiske seremoniar knytt til dåp, bryllaup, konfirmasjon og gravferder. I tillegg skal trommereiser gjennomførast ved kvart jamdøger og ved fullmåne. Gjennom intervju med aktørane bak opprettinga av Sjamanistisk Forbund set eg i denne artikkelen fokus på den religiøse skapingsprosessen som tek form i forkant og etterkant av godkjenninga. Eg spør kva typar forhandlingar, tilpassingar og møter som oppstår i denne konteksten. Målet er å undersøkja interesser og underliggjande føresetnader involvert i prosessen og visa korleis forbundet, av ulike aktørar, vert gjeve innhald, verdi og meining som eit religiøst trudomssamfunn.
|