Innovasjon som kommunikasjonsprosess : ein workshop analysert frå kompleksitetsperspektivet

Masteroppgave i bedriftsledelse (MBA) - Høgskolen i Bodø, 2010 Behovet for innovasjon blir stadig framma i norsk offentlegheit og forsking nasjonalt og internasjonalt. I den oppgåva blir kreativitet og innovasjonsprosessar sett på med utgangspunkt i eit team sett saman av 25 personar som alle har ma...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Grønstad, Line
Format: Master Thesis
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Høgskolen i Bodø 2010
Subjects:
mba
Online Access:http://hdl.handle.net/11250/140401
Description
Summary:Masteroppgave i bedriftsledelse (MBA) - Høgskolen i Bodø, 2010 Behovet for innovasjon blir stadig framma i norsk offentlegheit og forsking nasjonalt og internasjonalt. I den oppgåva blir kreativitet og innovasjonsprosessar sett på med utgangspunkt i eit team sett saman av 25 personar som alle har markert seg som kreative i regionen gjennom deltaking i ulike organisasjonar. Teamet var samla til eit eindagsseminar i form av ein workshop for å komme med og diskutere forslag til utvikling av ei ny museumshamn. Problemstillinga for oppgåva er: Korleis kan erfaringar frå workshopen analysert ved bruk av kompleksitetsperspektivet bidra til forståing av innovasjon? Forsking innanfor kompleksitetsperspektivet fokuserer på organisasjonar, leiing og innovasjon som aspekt i komplekse kommunikasjonsmønster, og viser korleis ein ikkje kan skilje dei ut frå samtalane som menneska i organisasjonane er del av. Empirien som eg nyttar i oppgåva er eit refleksivt narrativ rundt workshopen og opplevingane mine av dagen. Desse opplevingane blir sett i samanheng med tidlegare forsking. Sett frå kompleksitetsperspektivet innsåg eg at det var mange ting som skjedde i teamet, slik som forhandlingar om makt og leiarskap. Ideane som vart foreslått i kommunikasjonsprosessane kunne i liten grad seiast å vere innovative. I staden minna dei i stor grad om samtalemønster kjent frå andre stader der museum og kulturhistorie blir diskutert utan at ideologiar om korleis museum er og bør vere, vart stilt spørsmål ved. Eg forsto etter kvart at innovasjon var eit av mange aspekt i kommunikasjonsprosessar, der kommunikasjonen under workshopen berre var ein del i ei rekke med uoversiktlege prosessar. Innovasjon skjer endring kommunikasjonsmønstra, slik at der kommunikasjonsmønstra i stor grad blir gjenteke oppstår mindre nytt. For å få noko nytt til å oppstå trengst element som nysgjerrigheit, tillit, usikkerheit og misforståingar. Innovasjon for museumshamna er ikkje noko ein teamleiar på ein workshop eller ein museumsdirektør kan avgjere på førehand. I staden er det resultat av komplekse prosessar av intensjonelle handlingar mellom intersubjektive menneske.