Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt
Veiberg, V., Danielsen, P., Loe, L. E., Stien, A., Peeters, B., Hansen, B. B., Irvine, R. J., Ropstad, E., Albon, S. D., Tveraa, T. & Varpe, Ø. (2017) Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt – NINA Rapport 1311. 33 s. Artar som lever i eit miljø med store sesongvariasjonar i både milj...
Main Authors: | , , , , , , , , , , |
---|---|
Format: | Report |
Language: | Norwegian Nynorsk |
Published: |
Norsk institutt for naturforskning (NINA)
2017
|
Subjects: | |
Online Access: | http://hdl.handle.net/11250/2447479 |
id |
ftninstnf:oai:brage.nina.no:11250/2447479 |
---|---|
record_format |
openpolar |
institution |
Open Polar |
collection |
Norwegian Institute for Nature Research: Brage NINA |
op_collection_id |
ftninstnf |
language |
Norwegian Nynorsk |
topic |
Svalbardrein NINA Rapport Rangifer tarandus platyrhynchus Kalvingstidspunkt Klimaendring Reproduksjon Svalbard reindeer Parturition Birth date Climate change Reproduction |
spellingShingle |
Svalbardrein NINA Rapport Rangifer tarandus platyrhynchus Kalvingstidspunkt Klimaendring Reproduksjon Svalbard reindeer Parturition Birth date Climate change Reproduction Veiberg, Vebjørn Danielsen, Preben Loe, Leif Egil Stien, Audun Peeters, Bart Hansen, Brage Bremset Irvine, R. Justine Ropstad, Erik Albon, Steve D. Tveraa, Torkild Varpe, Øystein Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt |
topic_facet |
Svalbardrein NINA Rapport Rangifer tarandus platyrhynchus Kalvingstidspunkt Klimaendring Reproduksjon Svalbard reindeer Parturition Birth date Climate change Reproduction |
description |
Veiberg, V., Danielsen, P., Loe, L. E., Stien, A., Peeters, B., Hansen, B. B., Irvine, R. J., Ropstad, E., Albon, S. D., Tveraa, T. & Varpe, Ø. (2017) Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt – NINA Rapport 1311. 33 s. Artar som lever i eit miljø med store sesongvariasjonar i både miljøforhold og ressurstilgang, er avhengige av reproduksjonsstrategiar som på ein best mulig måte sikrar god overleving og vekst for avkoma. «Timing» av reproduksjon og strategiar for korleis ulike organismar investerer i produksjon av avkom, er to av dei mest sentrale livshistorietrekka hos ein art. Dagens klimaendringar skjer derimot så raskt at det kan ha stor innverknad både på levevilkåra for enkeltartar og på samspelet innan økosystem. Ingen annan stad i Europa skjer klimaendringane like raskt som på Svalbard. Plantevekstperioden på Svalbard er svært kort og planteetarane som lever her er avhengig av å utnytte dei tilgjengelege ressursane mest mulig optimalt. Svalbardreinen (Rangifer tarandus platyrhynchus) er den største fastlevande planteetaren på øygruppa, og er både ein karakterart og ein viktig påverkingsfaktor for landøkosystemet. Vi ønska å undersøke i kva grad kalvingstidspunktet for reinen har endra seg over tid, og i kva grad eventuell mellomårsvariasjon i kalvingstidspunkt kunne relaterast til vårens starttidspunkt. Å samle informasjon om fødselstidspunkt hos ville dyr er ofte både arbeids- og ressurskrevjande. Vi ønska derfor å utforske muligheitene for å bruke GPS- og aktivitetsdata frå merka svalbardrein til å identifisere kalvingstidspunktet for enkeltindivid. Totalt hadde vi GPS- og aktivitetsdata frå 127 kalvingsperiodar fordelt på 40 ulike individ i tidsperioden 2009-2015. I tillegg hadde vi tilgang på seks år (1979-1981 og 1996-1998) med historiske observasjonsdata frå kalvingsperioden. Vi lykkast med å etablere ein metodikk for fastesetjing av kalvingstidspunkt for individmerka simler basert på aktivitetsdata. Ein årleg gjennomsnittleg kalvingsdato kunne dermed bereknast for 13 år i perioden 1979-2015. EVI-vår og T50 vart brukt som indeksar på vårstart. EVI-vår er ein vegetasjonsindeks basert på satellittdata, men er berre tilgjengeleg etter 2000. T50 er ein temperaturbasert indeks for vårstart og kunne bereknast for heile den aktuelle tidsperioden. Indeksane var nært korrelert. Observasjonsmaterialet stamma frå dei to tilgrensande studieområda, Adventdalen og Reindalen-Semmeldalen-Colesdalen på Nordenskiöld Land, Svalbard. Parallelle registreringar i dei to studieområda i 1979 ga identiske estimat for gjennomsnittleg kalvingsdato (6. juni). Vi antok derfor at det ikkje var systematiske forskjellar i kalvingsdato mellom områda. Gjennomsnittleg kalvingsdato varierte med 11 dagar (2.-13. juni) i løpet av tidsperioden 1979-2015, men det var ingen signifikant trend. Vårindeksen T50 viste ein sterk trend mot tidlegare vårstart. Basert på denne indeksen var estimert dato for vårstart 18 dagar tidlegare i 2015 enn i 1979. Ingen tilsvarande trend vart avdekka for EVI-vår, som dekka ein vesentleg kortare tidsperiode (2000-2015). Ei avkorting av tidsserien for T50 til berre å omfatte åra med estimat for EVI-vår resulterte i at heller ikkje denne indeksen lenger viste ein signifikant trend. Gjennomsnittleg årleg kalvingsdato viste ingen signifikant korrelasjon med indeksane for vårstart. Ein tydeleg forseinka kalvingsdato om våren etter ein svært hard vinter (1996), tyda derimot på at mødrenes fysiske tilstand har innverknad på kalvingstidspunktet. Denne samanhengen vil ein kunne utforska nærare når fleire år med individbaserte data føreligg. Metodikken for fastsetjing av kalvingsdato på bakgrunn av aktivitetsdata, vil representere eit nyttig verktøy for individbaserte merkestudiar der informasjon om reproduksjonsfenologi og reproduktiv status er interessant. På sikt vil det vere ønskjeleg å automatisere denne prosedyren. |
format |
Report |
author |
Veiberg, Vebjørn Danielsen, Preben Loe, Leif Egil Stien, Audun Peeters, Bart Hansen, Brage Bremset Irvine, R. Justine Ropstad, Erik Albon, Steve D. Tveraa, Torkild Varpe, Øystein |
author_facet |
Veiberg, Vebjørn Danielsen, Preben Loe, Leif Egil Stien, Audun Peeters, Bart Hansen, Brage Bremset Irvine, R. Justine Ropstad, Erik Albon, Steve D. Tveraa, Torkild Varpe, Øystein |
author_sort |
Veiberg, Vebjørn |
title |
Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt |
title_short |
Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt |
title_full |
Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt |
title_fullStr |
Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt |
title_full_unstemmed |
Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt |
title_sort |
klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt |
publisher |
Norsk institutt for naturforskning (NINA) |
publishDate |
2017 |
url |
http://hdl.handle.net/11250/2447479 |
op_coverage |
Svalbard |
long_lat |
ENVELOPE(16.264,16.264,78.181,78.181) ENVELOPE(15.203,15.203,78.081,78.081) ENVELOPE(-63.608,-63.608,-65.506,-65.506) ENVELOPE(15.000,15.000,77.833,77.833) ENVELOPE(10.986,10.986,64.568,64.568) ENVELOPE(15.417,15.417,77.967,77.967) ENVELOPE(-65.083,-65.083,-66.050,-66.050) ENVELOPE(12.536,12.536,65.440,65.440) ENVELOPE(13.825,13.825,68.240,68.240) |
geographic |
Adventdalen Colesdalen Lever Nordenskiöld Land Reindalen Semmeldalen Simler Stien Svalbard Veiberg |
geographic_facet |
Adventdalen Colesdalen Lever Nordenskiöld Land Reindalen Semmeldalen Simler Stien Svalbard Veiberg |
genre |
Adventdalen Nordenskiöld Land Rangifer tarandus Rangifer tarandus platyrhynchus Svalbard svalbard reindeer Svalbardrein |
genre_facet |
Adventdalen Nordenskiöld Land Rangifer tarandus Rangifer tarandus platyrhynchus Svalbard svalbard reindeer Svalbardrein |
op_source |
33 s. |
op_relation |
NINA Rapport;1311 Svalbard Miljøvernfond: Prosjektnummer 14/109 urn:isbn:978-82-426-2999-9 urn:issn:1504-3312 http://hdl.handle.net/11250/2447479 |
op_rights |
© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldetilvising |
_version_ |
1766394865367646208 |
spelling |
ftninstnf:oai:brage.nina.no:11250/2447479 2023-05-15T13:05:50+02:00 Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt Veiberg, Vebjørn Danielsen, Preben Loe, Leif Egil Stien, Audun Peeters, Bart Hansen, Brage Bremset Irvine, R. Justine Ropstad, Erik Albon, Steve D. Tveraa, Torkild Varpe, Øystein Svalbard 2017 application/octet-stream http://hdl.handle.net/11250/2447479 nno nno Norsk institutt for naturforskning (NINA) NINA Rapport;1311 Svalbard Miljøvernfond: Prosjektnummer 14/109 urn:isbn:978-82-426-2999-9 urn:issn:1504-3312 http://hdl.handle.net/11250/2447479 © Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldetilvising 33 s. Svalbardrein NINA Rapport Rangifer tarandus platyrhynchus Kalvingstidspunkt Klimaendring Reproduksjon Svalbard reindeer Parturition Birth date Climate change Reproduction Research report 2017 ftninstnf 2021-12-23T07:16:50Z Veiberg, V., Danielsen, P., Loe, L. E., Stien, A., Peeters, B., Hansen, B. B., Irvine, R. J., Ropstad, E., Albon, S. D., Tveraa, T. & Varpe, Ø. (2017) Klimaeffektar på svalbardreinens kalvingstidspunkt – NINA Rapport 1311. 33 s. Artar som lever i eit miljø med store sesongvariasjonar i både miljøforhold og ressurstilgang, er avhengige av reproduksjonsstrategiar som på ein best mulig måte sikrar god overleving og vekst for avkoma. «Timing» av reproduksjon og strategiar for korleis ulike organismar investerer i produksjon av avkom, er to av dei mest sentrale livshistorietrekka hos ein art. Dagens klimaendringar skjer derimot så raskt at det kan ha stor innverknad både på levevilkåra for enkeltartar og på samspelet innan økosystem. Ingen annan stad i Europa skjer klimaendringane like raskt som på Svalbard. Plantevekstperioden på Svalbard er svært kort og planteetarane som lever her er avhengig av å utnytte dei tilgjengelege ressursane mest mulig optimalt. Svalbardreinen (Rangifer tarandus platyrhynchus) er den største fastlevande planteetaren på øygruppa, og er både ein karakterart og ein viktig påverkingsfaktor for landøkosystemet. Vi ønska å undersøke i kva grad kalvingstidspunktet for reinen har endra seg over tid, og i kva grad eventuell mellomårsvariasjon i kalvingstidspunkt kunne relaterast til vårens starttidspunkt. Å samle informasjon om fødselstidspunkt hos ville dyr er ofte både arbeids- og ressurskrevjande. Vi ønska derfor å utforske muligheitene for å bruke GPS- og aktivitetsdata frå merka svalbardrein til å identifisere kalvingstidspunktet for enkeltindivid. Totalt hadde vi GPS- og aktivitetsdata frå 127 kalvingsperiodar fordelt på 40 ulike individ i tidsperioden 2009-2015. I tillegg hadde vi tilgang på seks år (1979-1981 og 1996-1998) med historiske observasjonsdata frå kalvingsperioden. Vi lykkast med å etablere ein metodikk for fastesetjing av kalvingstidspunkt for individmerka simler basert på aktivitetsdata. Ein årleg gjennomsnittleg kalvingsdato kunne dermed bereknast for 13 år i perioden 1979-2015. EVI-vår og T50 vart brukt som indeksar på vårstart. EVI-vår er ein vegetasjonsindeks basert på satellittdata, men er berre tilgjengeleg etter 2000. T50 er ein temperaturbasert indeks for vårstart og kunne bereknast for heile den aktuelle tidsperioden. Indeksane var nært korrelert. Observasjonsmaterialet stamma frå dei to tilgrensande studieområda, Adventdalen og Reindalen-Semmeldalen-Colesdalen på Nordenskiöld Land, Svalbard. Parallelle registreringar i dei to studieområda i 1979 ga identiske estimat for gjennomsnittleg kalvingsdato (6. juni). Vi antok derfor at det ikkje var systematiske forskjellar i kalvingsdato mellom områda. Gjennomsnittleg kalvingsdato varierte med 11 dagar (2.-13. juni) i løpet av tidsperioden 1979-2015, men det var ingen signifikant trend. Vårindeksen T50 viste ein sterk trend mot tidlegare vårstart. Basert på denne indeksen var estimert dato for vårstart 18 dagar tidlegare i 2015 enn i 1979. Ingen tilsvarande trend vart avdekka for EVI-vår, som dekka ein vesentleg kortare tidsperiode (2000-2015). Ei avkorting av tidsserien for T50 til berre å omfatte åra med estimat for EVI-vår resulterte i at heller ikkje denne indeksen lenger viste ein signifikant trend. Gjennomsnittleg årleg kalvingsdato viste ingen signifikant korrelasjon med indeksane for vårstart. Ein tydeleg forseinka kalvingsdato om våren etter ein svært hard vinter (1996), tyda derimot på at mødrenes fysiske tilstand har innverknad på kalvingstidspunktet. Denne samanhengen vil ein kunne utforska nærare når fleire år med individbaserte data føreligg. Metodikken for fastsetjing av kalvingsdato på bakgrunn av aktivitetsdata, vil representere eit nyttig verktøy for individbaserte merkestudiar der informasjon om reproduksjonsfenologi og reproduktiv status er interessant. På sikt vil det vere ønskjeleg å automatisere denne prosedyren. Report Adventdalen Nordenskiöld Land Rangifer tarandus Rangifer tarandus platyrhynchus Svalbard svalbard reindeer Svalbardrein Norwegian Institute for Nature Research: Brage NINA Adventdalen ENVELOPE(16.264,16.264,78.181,78.181) Colesdalen ENVELOPE(15.203,15.203,78.081,78.081) Lever ENVELOPE(-63.608,-63.608,-65.506,-65.506) Nordenskiöld Land ENVELOPE(15.000,15.000,77.833,77.833) Reindalen ENVELOPE(10.986,10.986,64.568,64.568) Semmeldalen ENVELOPE(15.417,15.417,77.967,77.967) Simler ENVELOPE(-65.083,-65.083,-66.050,-66.050) Stien ENVELOPE(12.536,12.536,65.440,65.440) Svalbard Veiberg ENVELOPE(13.825,13.825,68.240,68.240) |