Overvakingsplan for verneområda på Dovrefjell. Del C. Skjema og instruksar. Vedlegg til NINA Rapport 188. Versjon 1 – mars 2007

Vistad, O.I., Eide, N.E., Hagen, D., Nellemann, C., Framstad, E., Erikstad, L., Gjershaug, J.O. & Vistnes, I. 2007. Overvakingsplan for verneområda på Dovrefjell. Del C. Skjema og instruksar. Vedlegg til NINA Rapport 188. Versjon 1 – mars 2007. - NINA Rapport 188A. 40 s. Saman med denne rapporte...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Vistad, Odd Inge, Eide, Nina Elisabeth, Hagen, Dagmar, Nellemann, Christian, Framstad, Erik, Erikstad, Lars, Gjershaug, Jan Ove, Vistnes, Ingunn Ims
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Norsk institutt for naturforskning 2007
Subjects:
Online Access:http://hdl.handle.net/11250/2435539
Description
Summary:Vistad, O.I., Eide, N.E., Hagen, D., Nellemann, C., Framstad, E., Erikstad, L., Gjershaug, J.O. & Vistnes, I. 2007. Overvakingsplan for verneområda på Dovrefjell. Del C. Skjema og instruksar. Vedlegg til NINA Rapport 188. Versjon 1 – mars 2007. - NINA Rapport 188A. 40 s. Saman med denne rapporten fylgjer 18 lause vedlegg. Det er tre hovudgrunnar til at desse ikkje blir stifta inn i rapporten. For det fyrste reknar vi med at det blir behov for å korrigere eller supplere innhaldet i (nokre av) dei, etter som ein får erfaring med praktisk overvaking. Dei må altså oppdaterast etter behov, noko som er enklare ved bruk av lause vedlegg. Oppdatering må skje i samråd med forskarar i NINA, og primært med dei som står ansvarlege for dei ulike tema og fagområda i denne overvakingsplanen. Vi utstyrer difor kvart vedlegg med eit versjonsnummer. Dovrefjellrådet (eller annan instans med tilsvarande forvaltningsansvar for verneområda på Dovrefjell) har ansvar for at nyaste versjon av skjema / instruks til ei kvar tid vert nytta i overvakingsarbeidet. For det andre kan behovet for konkrete feltinstruksar bli utvida (jfr. vår omtale av ”det ideelle” i høve til ”det prioriterte”). Lause vedlegg gjer det enklare å leggje til instruksar for nye tema. For det tredje skal ikkje feltinstruksen, med detaljar om kvar og korleis overvakinga skjer, vere open tilgjengeleg for alle (slik sjølve hovudrapporten er). Det gjev ei sårbar overvaking. Følgjande vedlegg er med: A. FAUNA Vedlegg 1. Villrein: Kartlegging av arealbruk gjennom året Vedlegg 2. Villrein: Systematisk beitekartlegging, med kopling til uroing og påverknad Vedlegg 3. Moskus: Kartlegging av arealbruk gjennom året Vedlegg 4a. Registrering av reir for kongeørn Vedlegg 4b. Registrering av reir for rovfugl Vedlegg 4c. Observasjonar av rovfugl Vedlegg 5. Observasjonar av utvalde fugleartar av særleg interesse Vedlegg 6. Instruks for taksering av rype og skogsfugl Vedlegg 7a. Smågnagarfangst Vedlegg 7b. Smågnagarindeks B. FERDSEL OG FRILUFTSLIV Vedlegg 8. Automatisk teljing av personar langs utvalde stiar Vedlegg 9. Organisert moskusguiding C. PÅVERKNAD OG INNGREP Vedlegg 10. Overvaking av stislitasje Vedlegg 11a. Registrering av snøskuterkøyring Vedlegg 11b. Registrering av barmarkskøyring og køyreskade Vedlegg 12. Registrering og rydding av søppel Vedlegg 13. Kartlegging av bygningar og tekniske anlegg Vedlegg 14. Kartlegging av inngrep Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. overvaking, monitor, forvaltning, verneformål, fauna, vegetasjon, friluftsliv, påverknad og inngrep