Rapport om svangerskapsavbrot 2021 Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret)

2020 vart det sendt inn 12 150 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 11 081 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 654 (5,6 %) færre utførte svangerskapsavbrot enn i 2019. Ein såg ein tilsvarande nedgang frå 2018 til 2019. Avbrotsraten har ein nedgang frå 9,7 i 2019 til 9,2 per 1 000 kvinner i f...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Akerkar, Rupali Rajendra, Askeland, Olaug Margrete, Faugstad, Linda Askvik, Halvorsen, Guri Sundgot, Heiberg-Andersen, Rannveig, Hornæs, Mona Tornensis, Juliusson, Pétur Benedikt
Other Authors: Løkeland-Stai, Mette
Format: Report
Language:Norwegian Nynorsk
Published: Folkehelseinstituttet, Område for Helsedata og digitalisering 2022
Subjects:
Online Access:https://hdl.handle.net/11250/2986943
Description
Summary:2020 vart det sendt inn 12 150 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 11 081 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 654 (5,6 %) færre utførte svangerskapsavbrot enn i 2019. Ein såg ein tilsvarande nedgang frå 2018 til 2019. Avbrotsraten har ein nedgang frå 9,7 i 2019 til 9,2 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2020 og er såleis ein vidare nedgang i abortraten for alle kvinner i fertil alder (15-49 år). Troms og Finnmark, Oslo og Innlandet er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 11,6 i Troms og Finnmark, 11,1 i Oslo og 10,0 i Innlandet. Innlandet er det einaste fylket som har hatt ein auke i abortraten sin frå 9,0 til 10,0 per 1000 kvinner i alderen 15-49 år frå 2019 til 2020. Dersom ein ser på avbrotsratene i dei store universitetsbyane så har Tromsø den høgste avbrotsraten på 11,2 per 1000 kvinner. Møre og Romsdal, Rogaland og Agder hadde dei lågaste ratene for svangerskapsavbrot; med 7,0 per 1 000 kvinner i Møre og Romsdal, 7,1 i Rogaland og 7,8 i Agder. Det er per i dag tre av 11 fylke som har ein avbrotsrate på 10 eller meir per 1000 kvinner (15-49 år). Sidan 2009 har det samtidig vore ein nedgang i talet på fødslar per 1000 kvinner i fertil alder (15-49 år). publishedVersion