Den historiske utviklinga til preaspirasjon i samiske språk
Preaspirasjon av ustemde klusilar er eit velkjent drag i dei fonologiske systema i dei samiske språka, som i nordsamisk [jahkiː] jahki ‘år.Nom.Sg’. Den er til stades i alle samiske språk som vi har kjennskap til, med unnatak av berre enaresamisk. Vi forstår også godt det historiske forholdet mellom...
Published in: | Nordlyd |
---|---|
Main Author: | |
Format: | Article in Journal/Newspaper |
Language: | English Norwegian |
Published: |
Septentrio Academic Publishing
2022
|
Subjects: | |
Online Access: | https://doi.org/10.7557/12.6350 https://doaj.org/article/93f0b3f162dc4473b4aa62044726c4f6 |
Summary: | Preaspirasjon av ustemde klusilar er eit velkjent drag i dei fonologiske systema i dei samiske språka, som i nordsamisk [jahkiː] jahki ‘år.Nom.Sg’. Den er til stades i alle samiske språk som vi har kjennskap til, med unnatak av berre enaresamisk. Vi forstår også godt det historiske forholdet mellom samisk preaspirasjon og stadievekslingssystemet i andre uralske språk, framfor alt den austersjøfinske greina. Dagens samiske språk viser ein del variasjon i korleis preaspirerte klusilar oppfører seg i det fonologiske systemet. I dette bidraget skisserer eg korleis denne variasjonen har oppstått gjennom utviklinga frå ursamisk til dei moderne språka. Scenarioet som eg står for botnar i teorien om livssyklusen til fonologiske mønster. Eg viser at denne teorien eignar seg særs godt for å forstå diverse fonetiske og fonologiske mønster som kjem ut av ei og same kjelde, også på samisk språkgrunn. For å underbyggje denne påstanden sporar eg utviklinga av preaspirasjon frå eit fonetisk drag i ursamisk og fram til dei diverse resultata som vi finn i dagens språk. |
---|